21 år gamle Hadle Rasmus Bjuland frå Jæren er vald som ny leiar av KrFs ungdomsparti, KrFU.
Han blei vald samrøystes på ungdomspartiets landsmøte laurdag, skriv Dagen.
Bjuland erstattar Edel-Marie Haukland, som gir seg etter to periodar.
Han har mellom anna erfaring som fylkesleiar i Aust-Agder KrFU.