Det er ikkje lenger mogleg å få støtte til å kjøpe sykkelpiggdekk i Kristiansand. Alle pengane er brukt opp, melder kommunen. Sidan september har kommunen gitt 350 kroner for kvart dekk folk har kjøpt, men no er det ikkje meir igjen av dei 500.000 kronene.