Alt er klart før sesongstarten i verdscupen for alpinistane i austerrikske Sölden. No gjeld det berre at veret spelar på lag.
Vêrvarselet for Sölden laurdag, når kvinnene skal i aksjon, er ikkje spesielt bra. Det er stor fare for nedbør, og seinare på dagen skal vinden også ta seg opp.
Verdscupen i alpint startar med storslalåmrennet for kvinnene klokka 10 med 2. omgang tre timar seinare.
– Det ser litt rufsete ut, ja. Det gjer det. Vi har hatt ein del avlysingar, spesielt på gutesida dei siste årea, seier sportssjef Claus Ryste til NTB.
Opninga for alpingutane blei avlyst både i 2017 og 2018. Ryste påpeikar at vindretninga og -styrken er avgjerande, og han er positiv.
– Det vil vere kjipt ikkje å få kome i gang. Men vi driv ein utandørssport og må stelle oss til slik det er. Det må vere trygt for utøvarane, og vi håpar det blir bra nok til det, seier han.
Mennene går i gang søndag med 1. omgang klokka 10. Då er meldt opphaldsvêr, men vinden er meldt å vere sterk.