Det europeiske fotballforbundet vurderer kvalifiseringsgrupper på fire eller fem lag før EM i 2028. Det skal ha blitt foreslått på eit medlemsmøte i UEFA i helga, skriv nettstaden rte.ie.
Dei siste kvalifiseringane har hatt grupper med fem og seks lag.
Årsaka skal vere synkande interesse frå TV-selskapa. Mindre grupper gir færre kampar for kvart lag.
I staden er tanken å flytte ein større del av kvalifiseringa over til nasjonsligaen.
På møtet blei det også diskutert å opprette ein nasjonsliga for kvinner.
Planene blir ikkje vedtekne før dei har vore gjennom behandling i UEFAs styre og landslagskomité.