Diana Kipyokei, som vann Boston Marathon i fjor, og hennar lagvenninne Betty Wilson Lempus har blitt suspendert og er mistenkt for brot på dopingreglane.
Det opplyser friidrettens integritetseining (AIU) i ei pressemelding.
AIU skriv at begge har levert dopingprøver med spor av preparatet triamcinolon. Dei to er også skulda for å ha gitt falske opplysningar til AIU.
28 år gamle Diana Kipyokei er den mest profilerte av dei to. I fjor vann ho Boston Marathon. Det var også der ho avleverte dopingprøven som har gitt henne problem. Sigeren i løpet mister ho dersom ho blir dømt i saka.
Betty Wilson Lempus avgav positiv prøve etter eni siger i Paris i fjor haust.