Jenny Stene og Jeanette Hegg Duestad er klare for finalen på 50 meter match under VM i skyting i Egypt.
Stene starta med 196 i kneståande, før ho for alvor leverte varene på liggjande med 200 poeng. Det norske håpet heldt fram med 196 i ståande, og enda opp med 592 poeng som nest beste skyttar.
Kinesiske Mioa Wanru hadde like mange poeng, men fleire innertiarar rangerte henne framfor. Det vart 32 for den kinesiske skyttaren, medan Stene enda på 28.
Jeanette Hegg Duestad skaut 198 poeng i kneståande og følgde opp med 200 poeng i den liggjande delen. Ho var i leiing etter liggjande skyting, men med 193 poeng på ståande vart det 591 poeng totalt og tredjeplass.
Katrine Lund fekk det ikkje heilt til å stemme. Med serien 194, 196 og 194 vart det totalt 584 poeng og 23.-plass i kvalifiseringa fredag.
Finalen startar 10.45.