Solid start for Hovland

Les hele artikkelen

Viktor Hovland gjekk opningsrunden av det europeiske PGA-meisterskapet på 69 slag. Svenske Ludvig Åberg imponerte også med sin 68-runde.
Det norske golfesset hadde fem birdier og to bogeyer og resten av hola på par.
Hovland har hatt eit par veker fri etter at han gjekk til topps i PGA-tourmeisterskapet og sikra seg nærare 190 millionar kroner i premiepengar.
Han skal gå dei to første rundane saman med Rory McIlroy og Ludvig Åberg. Begge er også lagkameratar på det europeiske laget som møter USA i Ryder Cup seinare i haust.
(NTB)