Snøen er sikra på Beitostølen

Les hele artikkelen

Arrangøren har kontroll på snøen før den nasjonale starten i langrenn på Beitostølen 18.–20. november.
– Vi legg ut snø til 4. november, ei veke seinare enn vanleg. Dette er ikkje på grunn av straumprisar, men aukande klimautfordringar, seier Erik Østli i Øystre Slidre Idrettslag til NTB.
– Vi har snø nok til sesongopninga på lager frå i vinter og vil ikkje nøle med å produsere snø for neste haust trass i sterkt auka straumprisar. Vi må nok vurdere tidsbruken og då også straumforbruket for neste års snø ved å produsere på lågare temperaturar (kortare produksjon og meir effektivitet), seier Østli.
Renna på Beitostølen går både for langrenn, paralangrenn og kombinert.