Snart comeback for Lundby

Les hele artikkelen

Hoppstjerna Maren Lundby er igjen klar for å konkurrere etter eitt år på sidelinja. Ho gjer snart comeback i verdscupen, fortel ho til VG.
Det vil skje i Wisla 4. til 6. november eller Lillehammer 2. til 4. desember, seier Lundby til avisa. Ho har ikkje hoppa konkurranse sidan ho vann VM-gull i mars 2021.
Lundby fortalde i oktober i fjor at OL-draumen var knust og at ho sleit med å få kontroll på vekta. Sidan den gongen har ho jobba hardt for å kome tilbake i hoppbakken, og ho har trent godt i sommar.
28-åringen hadde tenkt å vere tilbake i bakken i august etter ein heil konkurransesesong på utsida, men måtte utsette det til september. Ho har den siste tida trent i Lillehammer.
Lundby står med eitt OL-gull frå 2018 og to VM-gull frå 2019 og 2021. I tillegg har ho tre VM-sølv og tre VM-bronse.