Slåsting då Viking knuste KFUM i kvartfinalen i NM

Les hele artikkelen

På stillinga 2–0 i favør Viking kokte det over for KFUM sin midtstoppar Bilal Njie. Det enda i ein ordentleg slåstkamp mellom fleire spelarar.
Situasjonen starta då Njie hamna i ein tett duell mot konkurrenten Sondre Bjørshol på Viking sin banehalvdel. Det var litt halding mellom begge spelarar, og det likte ikkje Njie. Han fyrte seg skikkeleg opp og tok det ut mot Kevin Kabran.
Ein skikkeleg handgemeng blei publikum vitne til, og det stoppa ikkje der.
Fleire spelarar flokka seg saman, og situasjonen toppa seg då Veton Berisha gjekk opp i andletet på Simen Hestnes, før han dytta han ned.
– Det er eit tenningsnivå langt over fornufta på enkelte spelarar, seier NRKs ekspert Carl Erik Torp.
Spørst om den tente situasjonen sette enda meir fyr på Viking, som til slutt vann heile 5–0 mot oslo-laget.
Kaptein Berisha sette inn to mål, svenske Kevin Kabran eitt, før Niklas Sandberg viste fram perlefoten ved to anledningar like før slutt.
– Til slutt blir det pinleg. Det er klasseforskjell på laga. Dei baklengsmåla vi slepp inn viser at vi høyrer heime i OBOS-ligaen, samanfattar KFUM-trenar Jørgen Isnes til NRK.