Ruud tapte for verds-einaren

Casper Ruud kjempa godt, men tapte for verds-einar Novak Djokovic i semifinalen i tennisturneringa i Roma. Djokovic vann 6-4, 6-3.
Djokovic braut Ruuds to første servar i første sett, og nordmannen låg under med 0-4. Men så greidde Ruud å pynte på resultatet til 4-6.
I andre sett heldt dei følgje til 3-3. Så braut Djokovic til 4-3, og han braut også Ruuds siste serve.
Det var tredje møtet mellom Ruud og Djokovic, og tredje tapet for Ruud. Sigeren var også nummer 1000 i Djokovics karriere.
Djokovic møter Stefanos Tsitsipas i finalen søndag.

Les hele artikkelen