Ruud opnar mot kanadiar

Les hele artikkelen

Casper Ruud skal spele den første inglekampen i ATPs finaleturnering i Torino søndag. Han møter kanadiske Felix Auger-Aliassime i ein kamp som tek til klokka 14.00.
Ruud er også i gruppe med Rafael Nadal og Taylor Fritz, som han skal møte seinare i veka. Nadal og Fritz møtest klokka 21.00 søndag kveld.
Dei to beste i gruppa går vidare til semifinaler.
ATP-finalen er sesongavslutninga der berre dei aller beste spelarane i verda får delta. Men verdseinar Carlos Alcatraz er skadd og stiller ikkje.
Ruud er nummer 4 på rankingen, Auger-Aliassime nummer 6.