Mercedes-føraren George Russell vann Formel 1-løpet i Sao Paulo og tok sin første siger i eit Formel 1-løp, etter at han også vann sprinten laurdag.
Lewis Hamilton hang godt med i kampen om å ta sin siger nummer 104, men greidde ikkje å gå forbi lagkameraten. Han kom inn rundt 1,5 sekund etter.
Ferraris Carlos Sainz blei nummer tre.
Hamilton og verdsmeister Max Verstappen kolliderte etter starten, og Verstappen fekk tidsstraff på grunn av hendinga og blei nummer 6.
Danske Kevin Magnussen, som sensasjonelt vann kvalifiseringa fredag, kolliderte med Daniel Riccardo allereie i den første runden, og begge måtte bryte.