Qatar med kreativt oppslag: – Klavenes har snudd

Les hele artikkelen

Avisa Doha News skriv om Lise Klaveness’ tale i Europarådet sist torsdag, og meiner den norske fotballpresidenten har gått bort frå sin harde kritikk av VM-vertslandet.
Klaveness sa i sitt innlegg i Europarådets høyring om Qatar at landet er uakseptabelt som arrangør. Det same som ho sa på FIFA-kongressen tidlegare i år.
Men Doha-avisa skriv at «Leiaren for Noregs Fotballforbund har tilsynelatande snudd om fotball-VM etter månader med skarp kritikk av Qatar».
Klaveness sjølv avviser at ho har endra syn.
– Det at ein har løfta lovverket frå eit horribelt utgangspunkt endrar ikkje på hovudbodskapen som kom klart fram frå innlegget og heile konteksten: Tildelinga er uakseptabel med uakseptable konsekvensar. Lovreformene er viktige, men p.t. er dei ikkje tilstrekkeleg implementert på bakken, seier den norske fotballtoppen til VG.