Publikum sviktar handball-EM

Les hele artikkelen

Publikum har til no vendt ryggen til handball-EM i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Stemninga i Arena Stožice blir karakterisert som skral.
I gruppespelkampane i Noregs pulje var det i snitt like over 1100 tilskodarar på plass. Og det i ein hall med kapasitet for nær 13.000.
I hovudrunden kom det vel 4000 til Arena Stožice då vertsnasjon Slovenia slo Kroatia torsdag.
– Det kan alltid bli betre, sjølvsagt kan det det. Vi hadde vore endå meir glade om alle kampar hadde vorte spelte framfor fulle tribunar, seier EHFs informasjonssjef Thomas Schöneich.
Oppgjeret mellom Danmark og Ungarn drog ifølgje den offisielle kamprapporten 4126 tilskodarar. I realiteten var det langt færre tilskodarar på plass.
Før kampen hadde Det europeiske handballforbundet (EHF) gitt bort gratisbillettar for at det ikkje skulle vere katastrofalt glissent på tilskodarplass. Det skriv dansk TV 2.
Noreg speler kampar mot Sverige (laurdag), Slovenia (måndag) og Danmark (onsdag).