Graham Hansen mål i storsiger

Caroline Graham Hansen starta kampen mot Alaves på benken, og måtte sjå sine lagvenninner sleppe inn sesongens første ligamål i det kvarteret var spela. Men så vakna den katalanske klubben, og snudde kampen til 3–1 til pause. Etter pausen blei Graham Hansen bytta inn, og ho brukte berre fem minutt på å finne nettmaskene. I … Les mer

Handballforbundet kritiserer Berge

Handballpresident Kåre Geir Lio meiner landslagssjef Christian Berge har trakka over streken i sin involvering i Kolstad sitt prosjekt. Ifølgje VG skal Berge mellom anna ha kontakta norske spelarar med tanke på å få dei til Kolstad, som satsar hardt og ønskjer å byggje eit topplag i Trondheim. TV 2 meldte tidlegare i haust at … Les mer

Børstopp for Johnsen

Dennis Johnsen held fram med å imponere i den italienske toppserien i fotball. Nyleg blei han kalla inn til sin første landslagssamling, og på fredag blei han kåra til banas beste då hans Venezia møtte Cagliari i Serie A. Italias største sportsavis Gazzetta dello Sport gav nordmannen ein sjuar på børsen, den høgaste karakteren, i … Les mer

Tre debutantar i Tyrkias tropp

Tyrkias nye landslagstrenar Stefan Kuntz gir sjansen til tre debutantar i sin tropp til VM-kvalifiseringskampen mot Noreg på fredag. Berat Ayberk Özdemir (Trabzonspor), Berkan İsmail Kutlu (Trabzonspor) og Serdar Dursun (Fenerbahçe) kan alle få sine første minutt med landslagsfotball når Tyrkia tek imot Noreg i Istanbul. Tyrkia må klare seg utan Çaglar Söyüncü (Leicester) og … Les mer