Tap, men semifinale likevel

Norges curlingkvinner tapte 4-10 for Latvia i den siste gruppekampen i B-klassen i curling-EM på Lillehammer. Norge var allereie før kampen kvalifisert for semifinale. Norge kom bakpå frå start mot Latvia, og låg under med 4-6 etter åtte omngangar. I den niande tok Latvia fire pioeng, og Norge gav opp. Norge enda med sju sigrar … Les mer

Afrika truleg med på FIFAs VM-plan

Det afrikanske fotballforbundet (CAF) kjem i dag truleg til å støtte FIFA-forslaget om å ha fotball-VM annakvart år. Ifølgje nyheitsbyrået Reuters kjem forslaget til å få stort fleirtal på CAFs ekstraordinære kongress i Kairo. CAF-president Patrice Motsepe går sterkt inn for forslaget. – Det vil hjelpe til med å betre fotballen i utviklingsland, sa Motsepe … Les mer

Zuccarello usikker for landslaget

Mats Zuccarello veit ikkje om det blir meir Noreg-spel i framtida. I august var Zuccarello endeleg tilgjengeleg igjen for ishockeylandslaget. Målet var å hjelpe Noreg til Beijing-OL i februar, men draumen brast med tapet for Danmark i gruppefinalen i kvalifiseringa. Sjølv gir han ikkje eit tydeleg svar på om han held fram. – Vi får … Les mer

Meir koronatrøbbel for Bayern

Bayern München-profilen og landslagskaptein Joshua Kimmich vart for ein månad sidan innstendig oppmoda av leiande politikarar om å ta koronavaksine. No har han smitta. Det stadfestar Bayern i ei fråsegn. Kimmich er isolert i eigen heim og skal ha det bra. 26-åringen er den siste av fleire Bayern-spelarar som har testa positivt den siste tida. … Les mer

Malaysia nektar israelarar innreise

Malaysia nektar israelske utøvarar å reise til landet for å delta i VM i squash frå 7. til 12. desember. Det muslimskdominerte Malaysia har ingen diplomatiske samband med Israel. – Det er ei skam at dei blandar idrett og politikk, seier Aviv Bushinsky i det israelske sqaushforbundet til nyheitsbyrået AFP. Dei vil ta saka inn … Les mer

Overtidssiger for Zuccarello

Minnesota Wild vann bortekampen mot New Jersey Devils 3-2 etter straffeslag. Mats Zuccarello hadde ei målgjevande pasning til 1-0, men skaut i stolpen i straffekonkurransen. Nordmannen fekk litt over 18 minutt på isen. Han har 14 målpoeng på 15 kampar denne sesongen.