Håndballgutta måtte returnere frå Gardermoen

Lufthansaflyet med fleire av landslagsspelarene i handball kunne ikkje lande på Gardermoen på grunn av vinden. Derfor måtte dei tilbake til München, skriv VG. Flyet skulle ha landa på Gardermoen ved firetida. Men det let seg ikkje gjere, og flyet måtte reise tilbake til utgangspunktet. Dermed må dei overnatte i München og prøve igjen søndag.

Verdsrekord i kulestøt

Ryan Crouser sette ny verdsrekord i kulestøt med 23,38 meter i eit innandørsstemne i New York i kveld. Han knuste sin eigen innandørsrekord på 22,82 meter med over ein halvmeter. Resultatet er også ein centimeter lengre enn hans eigen utandørsrekord.

Lillefosse med norsk stavrekord

Pål Haugen Lillefosse sette norsk innandørsrekord i stav då han svinga seg over 5,75 under eit stemne i Sverige laurdag. Det er identisk med EM-kravet. Lillefosse forbetra sin personlege rekord med fire centimeter og den gamle rekorden til Sondre Guttormsen med ein centimeter. Han prøvde seg tre gonger på 5,81, men reiv alle gongene. Då … Les mer

Scora og blei utvist

Dango Ouattara scora sekund før pause og blei matchvinnar då Burkina Faso overraskande slo Tunisia 1-0 og gjekk til semifinalen i Afrika-meisterskapet i fotball. Men den same spelaren blei utvist ti minutt før slutt. Likevel greidde laget hans å halde unna. I ein ennan kvartfinale, spela tidlegare i kveld, slo Kamerun Gambia med 2-0. Karl … Les mer

Tom Brady avsluttar karrieren

Tom Brady (44), allment kjend som tidenes beste spelar i den amerikanske fotballigaen NFL, legg opp. Det melder ESPN laurdag kveld. Brady har vunne NFL-tittelen sju gonger, seinast med Tampa Bay Buccaneers i februar 2021. No legg han hjelmen og resten av utstyret på hylla, melder ESPN-journalist Adam Schefter på Twitter. Bradys siste kamp blir … Les mer

Tom Brady legger opp

Tidenes mestvinnende quarterback gir seg i en alder av 44

Turneringssiger for Carlsen

Magnus Carlsen vann mot Fabiano Caruano i Wijk aan Zee laurdag og er dermed vinnar av turneringa i Nederland for åttande gong. Richard Rapport spilte remis mot Andrej Esipenko laurdag. Det gjorde at Carlsen ville sikre turneringssigeren ved å få minst remis i sitt parti mot Caruana. Han sikra like godt ein ny siger. Det … Les mer