Zverev kasta ut av turnering

Det tyske tennisesset Alexander Zverev får ikkje spele meir i ATP-turneringa i mexicanske Acapulco etter å ha knust racketen mot dommarstolen. OL-vinnaren slo racketen sin fleire gonger i stolen der dommaren framleis sat under ein doublekamp. Episoden skjedde etter at han og makkeren Marcelo Melo hadde tapt for briten Lloyd Glasspool og finnen Harri Heliovaara. … Les mer

Fred: – United saknar langsiktige mål

Fred synest det er rart å ha ein mellombels manager i Manchester United ut sesongen. Midtbanespelaren saknar ein langtidsplan for klubben. Spekulasjonane om kven som blir permanent United-sjef etter Ole Gunnar Solskjærs sparking i november, går føre seg for fullt. I mellomtida leier Ralf Rangnick laget fram til sommaren. – Det er litt rart, erkjenner … Les mer

17-åring til verdscupen

Frida Berger (17) sluttar seg til det norske verdscuplaget i hopprenna i Austerrike i helga. Tenåringen er ein av fire utøvarar i landslagstrenar Christian Meyers tropp. Ho reiser til Hinzenbach saman med OL-trioen Silje Opseth, Anna Odine Strøm og Thea Minyan Bjørseth. Internasjonalt har Berger erfaring frå kontinentalcupen og diverse FIS-renn. I desember fekk ho … Les mer

Mickelson beklagar golf-utspel

Phil Mickelson (51) legg seg flat etter å ha fått hard kritikk for sine utsegn om den nyetablerte saudiarabisk-finansierte superligaen i golf. Nyleg blei han sitert på at han ville vere med for å presse fram endringar på PGA-touren. Det sa han samtidig som han vedkjende seg at Saudi-Arabia har «ei forferdeleg historie med menneskerettar». … Les mer