Opnar med bortekamp mot Spania

Les hele artikkelen

Noreg får ein tøff start på EM-kvalifiseringa i fotball då dei møter gruppefavoritt Spania på bortebane. Kampen går 25. mars.
Noreg får ein svært vrien start på EM-kvalifiseringa i fotball då dei møter gruppefavoritt Spania på bortebane. Kampen blir spelt 25. mars.
Det betyr ein reprise frå førre EM-kvalik. Då opna også Noreg med utekamp mot spanjolane. Det enda med 1-2-tap i Valencia. Joshua King skåra for Noreg på straffe. Det same gjorde Sergio Ramos då han fastsette sluttresultatet til 2-1.
I returoppgjeret klarte Noreg 1-1 på Ullevaal stadion. Det også ved hjelp av eit straffespark frå King på overtid.
– Eg er sikker på at vi kan ta Spania på Ullevaal på ein god dag, sa landslagssjef Ståle Solbakken til TV 2 då trekkinga vart gjennomført søndag.
Han åtvara samtidig mot Georgia. Dei har Napoli-stjerna Khvicha Kvaratskhelia, som har herja i sesonginnleiinga, i troppen.
Dei andre norske kampane:
28. mars: Georgia (h)
17. juni: Skottland (h)
20. juni: Kypros (h)
11. september: Georgia (h)
12. oktober: Kypros (b)
15. oktober: Spania (h)
19. november: Skottland (b)
Dei to beste laga frå gruppa får EM-plass. Sluttspelet går i Tyskland sommaren 2024.
Det kan bli Noregs første sluttspel sidan EM i 2000.