Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

Les hele artikkelen

Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.
– Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.
For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.
– No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.
Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.
Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.
Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.
Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.
Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.
United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.
Men han får sin revansj like etterpå.
Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.
Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.