Norsk bordtennisbragd: – Sjukt deilig

Les hele artikkelen

Det norske herrelaget i bordtennis kvalifiserte seg til lag-EM i dag. Det er fyrste gong eit norsk lag har klart å kvalifisere seg til eit europameisterskap for funksjonsfriske.
– Det er sjukt deilig. Vi reiste hit med eit håp om å klare det, og sjølvsagt skulle vi gje alt for å kvalifisere oss. Då kjennes det veldig bra, seier Borgar Haug til NRK.
Med seg på det norske laget har 20-åringen Khai Noah Lam (16), Martin Frøseth (16) og Alexander Klerck Fransson (20).
– Vi er eit ungt lag som har gjort ein god jobb. Det har gjort at me har kvalifisert oss, sier Haug.
– Det er tøft og artig, seier Frøseth.
Under dagens kvalifisering slo dei fyrst Irland 3-1. Då Spania venta i andre gruppespelskamp vart det nervepirrande. På stillinga 2-2 avgjorde 20 år gamle Klerck Fransson og sørga for norsk jubel.
– Det var dagens prestasjon. «Alex» gjorde ein skikkeleg god jobb, seier Haug om lagkameraten.
I morgon ventar Hellas i gruppespelet. Vinnaren av den kampen tek fyrsteplassen, men også dei har allereie sikra EM-billetten. Meisterskapet vert arrangert i Malmø i midten av september dette året.