Noregs kvinnelandslag i fotball skal bryne seg på Frankrike i tillegg til EM-vinnar England i treningskampar i november.
Det opplyser Noregs Fotballforbund på sine nettsider måndag ettermiddag.
Førre veke blei det klart at Noreg skal møte England i Spania 15. november. No er det klart at Frankrike blir motstandar fire dagar før det i Alicante. Noreg tapte 1–4 for Brasil på Ullevaal sist veke og møter Nederland tysdag.
Laget til landslagssjef Hege Riise får dermed svært tøff motstand.
– No får vi referansar i tur og orden, med fire kampar på kort tid. Det går ikkje eit halvt år mellom kvar gong. Vi ønsker progresjon i spelet vårt mot dei beste. Så veit vi at det utfordrar oss veldig på forflytting og slike ting, men det er det vi føler vi treng no. Dette er sjansen vi har til få til det, seier Riise.