Noreg fekk kasta ut Belarus av toppmøte

Les hele artikkelen

Både Russland og Belarus var invitert til kongressen i Det europeiske handballforbundet, men blei likevel nekta full deltaking etter at Noreg og 19 andre land protesterte.
Delegatane frå Belarus reiste til kongressen i Basel, men forlot møtelokala etter fem minutt fordi dei ikkje aksepterte at dei hadde status som observatør utan stemmerett.
No krev Noregs handballpresident, Kåre Geir Lio, at Det europeiske handballforbundet endrar regelverket for invitasjonar.
– Det europeiske handballforbundet har fått eit tydeleg signal om at ein må finne varige løysingar på dette området, seier Lio.
– Vi bør endre regelverket slik at vi kan droppe invitasjon av aggressive land som er i krig eller konflikt, seier styremedlem Grzegorz Gutkowski i det polske handballforbundet.