Erling Braut Haaland har eit punkt i Manchester City-avtalen som gjør at han kan kjøpast fri for 2 milliardar kroner frå sommaren 2024, hevdar The Athletic.
City-manager Pep Guardiola avviste nyleg at det finst ein slik utkjøpsklausul.
– Det er ikkje sant. Han har ikkje ein klausul for Real Madrid eller nokon andre lag, sa Guardiola til VG.
Men ifølge The Athletic er det ein klausul i Haalands kontrakt. Nettstaden meiner å vite den slår inn sommaren 2024 og gjeld for alle klubber utanfor Premier League.
Utkjøpssummen startar på 200 millionar euro (2,08 milliardar kroner), men The Athletic skriv at summen blir mindre for kvart år som er igjen av Haaland-avtalen. Jærbuen er i utgangspunktet bunden til City fram til juni 2027.
I tillegg til ein svær overgangssum må også kjøpande klubb betale kostnader knytt til agenthonorar og bonusar. Totalsummen for nordmannen vil bli astronomisk høg for ein eventuell ny klubb.