Mol og Sørum stadig utan tap

Les hele artikkelen

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum snudde og vann 2–1 mot austerrikske Robin Seidl/Philipp Waller i kamp to av turneringa i Brasil.
Mol og Sørum kunne sist helg feire nok ein tittel då nettopp Seidl og Waller blei slått i finalen i turneringa i sørafrikanske Cape Town.
Den norske duoen opna Brasil-turneringa med siger i strake sett over chilenske Noko Aravena/Vicente Droguett. Fredag fekk dei ein tøff start på kamp nummer to då dei tapte det første settet med 18–21 for det austerrikske paret.
I andre sett kom nordmennene meir med og utlikna med 21-15-siger. Dermed måtte oppgjeret avgjerast i et tredje sett som gjekk til 15. Der var igjen den norske duoen best og kriga seg til 15–12. Ein sterk Mol i blokk på stillinga 11–11 gav Noreg ein fordel dei ikkje mista.
Dermed er dei framleis utan tap framfor siste innleiande kamp mot Hans Hannibal/Marco Cairus frå Uruguay seinare fredag.