Evertons manager Frank Lampard er bøtelagd med 360.000 kroner for kritiske kommentarar mot dommaren etter Premier League-derbyet mot Liverpool i april.
Everton-sjefen var frustrert på dommar Stuart Attwell etter 0-2-tapet. Han meinte eige lag burde ha vore gitt eit straffespark då Anthony Gordon vart lagd i bakken av Liverpool-forsvarar Joel Matip.
Dommar Attwell vifta vekk protestane til Everton-spelarane etter episoden.
Etter kampen meir enn antyda Lampard at kampleiaren ville peika på kritmerket dersom Mohamed Salah hadde gått ned i ein tilsvarande situasjon. Det blir han no bøtelagd for.