Kulturminister Anette Trettebergstuen gir lag- og idrettslag kortare behandlingstid på søknader om straumstøtte, melder TV 2.
– Det eine vi gjer, er at vi opnar søknadsrunden for straumstøtte tidlegare enn planlagt. Det andre vi gjer, er at vi innfører ei løpande søknadsbehandling, seier Trettebergstuen til kanalen.
Fram til no har det vore slik at idretten har måtta søke om støtte for tre månader om gongen. Deretter har dei måtta vente på at søknadsfristen gjekk ut før den blei behandla.
Dermed tok det lang tid før pengane faktisk blei utbetalt.
– Disse søknadene blir no behandla fortløpande som dei kjem inn, fortel Trettebergstuen.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har også framskunda søknadsrunden frå 26. oktober til 19 oktober.
– Dette vil føre til at dei som søkjer, vil få utbetalt støtta rundt fem veker tidlegare enn det dei har fått hittil, seier kulturministeren.