Eit instagraminnlegg med Zlatan Ibrahimovic (41) og Silvio Berlusconi (86) har sett i gang rykte om kvar den svenske målmaskinens skal spele i framtida.
– Historia kan ikkje viskast ut … og framtida er ikkje skriven, skriv Ibrahimovic pÃ¥ Instagram.
– Kva gjer Ibra med meg? Framhald følgjer, skriv den tidlegare italienske statsministeren.
Det er ikkje kome noko stadfesting av kva dei har på gang saman, men svenske Aftonbladet spekulerer i om det kan ha noko med kvar måltjuven skal spele i framtida.
Berlusconi er nemleg eigar av den nyopprykka Serie A-klubben Monza. Italienaren har tidlegare vore statsminister i Italia i tre periodar (april til desember 1994, 2001–2006 og 2008-2011). Han eigde også AC Milan mellom 1986 og 2017.
Ibrahimovic er framleis Milan-spelar, og trenar seg for tida opp etter ein kneoperasjon i sommar.