Køkaos ved Brann Stadion

Les hele artikkelen

Det er lange køar utanfor Brann Stadion før kveldens kamp mot portugisiske Arouca. NRK sin reporter seier køen strekk seg langt, langs stadion.
På grunn av krav frå UEFA har Brann sett ut passeringsportar. Det gjer at billettkontrollen tek lengre tid enn normalt.
Sportsklubben har oppmoda publikum til å møta ekstra tidleg opp til kveldens kamp.
Kampen vart ikkje utsett og starta som planlagd klokka 19:00.