Fotballpresident Lise Klaveness skal vere på plass under VM i Qatar frå 18. til 22. november for å leggje press på det internasjonale fotballforbundet.
– Det vil heilt sikkert bli oppfatta som ein provokasjon og ei politisk handling. Eg er ikkje redd for det. Det er ingen land som har engasjert seg så mykje i dette spørsmålet som Noreg. Sjølv om vi først hadde tenkt ikkje å dra, sidan vi ikkje har noko lag, landa vi på at vi måtte gjennomføre når momentumet er størst. Vi er nøydde til å vere brubyggjande i dette, sa Klaveness på eit pressetreff fredag.
– Vi tenkjer at det er eit poeng at vi er der når det blir mest fokus på det sportslege, sa ho.
Fotballpresidenten og fleire representantar frå Noregs Fotballforbund reiser førstkommande fredag og blir over helga. Der skal dei halde fram med å arbeide for at Fifa gjennomfører løfta dei har gitt i samband med betre rettar for migrantarbeidarar og LGBTQ+-personar.
– Vi må tenkje på det som ei symbolsk og viktig handling at vi er der for å gjenta standpunkta våre, sa Klaveness.
Torsdag fekk Danmark nei frå Fifa til å ha bodskapen «Human Rights for All», «Menneskerettigheter for alle», på treningsdraktene sine under meisterskapen.
– Det var eigentleg ikkje overraskande. Vi sit saman med Danmark i arbeidsgruppa og det var ikkje overraskande at dei fekk nei. Eg er usamd i avgjerda, sa Klaveness.