Innbytar redda siger for Nederland etter polsk sjokkopning

Les hele artikkelen

Wout Weghorst kom inn ti minutt før full tid og gjorde jobben som sikra at Nederland slo Polen 2–1 i EM i Tyskland.
Ikkje uventa var det Nederland som tok grep frå start mot eit Polen som måtte starte utan ein skada Robert Lewandowski på topp.
Men i det 16 minutt sende erstattar Adam Buksa sjokkbølge gjennom den nederlandske fansen. Piotr Zielinski slår eit perfekt hjørnespark mot den polske spissen. I duell med Dumfries er Buksa råsterkt, før han med hovudet styrer ballen i det lengste hjørnet.
Nederland kjende nok på forventingane til dei oransjekledde på tribunen i Hamburg. I sin landskamp nummer 25 feira Cody Gakpo med å utlikne like før halvtimen var spelt.
Aké vinn ballen høgt i det Polen prøver å spele seg ut bakfrå. Venstrebacken spelar vidare til Gakpo, før han fyrer mot mål, via beinet til Salamon og i mål.
Dei to laga har aldri tidlegare møtt kvarandre i eit internasjonalt meisterskap.