Rune Almenning Jarstein (38) og Hertha Berlin kom ikkje fram til noka løysing i forliksmøtet i arbeidsretten i dag. Møtet var over i løpet av berre 20 minutt, melder Bild.
Dermed blir det rettssak i Berlin 2. mars.
Jarstein har teke saka for retten etter at han fekk sparken i klubben i august, med verknad frå 30. november. Bakgrunnen var ifølgje klubben ein krangel mellom Jarstein, Herthas keepertrenar Andreas Menger og hovudtrenar Sandro Schwarz, utløyst at Jarsteins kritikk av treningsopplegget.
«Upassande ordval i ei intern samtale», kallar klubben det, som bakgrunn for at Jarstein blei oppsagt.
– Det er ikkje ei god nokog spesifik nok forklaring for oppseiinga, sa Jarsteins advokat Horst Kletke
Hertha har no seks veker på seg for å kome med ei skriftleg forklaring på kvinfor dei har sparka, Jarstein som har spelt 164 kampar for Hertha sidan 2014.
Deretter har Jarstein og hans adokat seks veker på seg til å svare på Herthas grunngjeving.