Hovland om LIV: – Rankingpoeng er ikkje noko du får over natta

Les hele artikkelen

– Rankingpoeng er ikkje noko ein skal få over natta. Skal du fåpoeng, må du følgje prosessen, seier Viktir Hovland om krangelen om rankingpoeng i den nye og pengesterke utbrytarligaen LIV golf.
– Men på den andre sida har dei nokre gode spelarar. Og dersom nokon av dei beste fell utanfor topp 100, er det ikkje bra for rankingen heller, sa Hovland til journalistar før PGA-turneringa i Japan i slutten av denne veka.
LIV knytta seg i førre veke opp mot ein poenggjevande minitour i Midtausten og Nord-Afrika i håp om å hente poeng.
Men verdsrankingan i golf (OWGR) vil ikkje gi LIV poeng enno. Det betyr at LIV-turneringa i Jeddah komande helg ikkje gir deltakarane betre ranking.
– Vi treng meir tid for å vurdere dette, sa OWGR i førre veke.
Nokre av grunnane til at OWGR treng tid til vurdering, er at starfeltet i LIV er for lite, spelarane er inviterte, ikkje kvalifiserte, og at turneringane omfattar berre 54 hol, mot dei vanlege 72, skriv Norsk Golf.
LIV er ein saudiarabisk-basert liga som lokkar med store startpengar og langt større pengepremiar enn det tradisjonelle PGA gjer. Medan PGA-turneringa i Japan har ein premiepott på 11 millionar dollar, har LIV-turneringa i Jeddah 25 millionar.
Fleire toppspelarar har meldt overgang, og dette har skapt stor konflikt i golfverda.
LIV avsluttar årets sesong i Miami i slutten av månaden. PGA er i starten av sin 2022/23-sesong.