Skaden som Ada Hegerberg pådrog seg under landskampen mot Belgia 2. september, pregar spissen framleis. No skriv klubben at Hegerberg vil vere utilgjengeleg for spel i fleire veker.
– Ho har starta ein spesifikk og tilpassa opptreningsperiode, men vil framleis vere utilgjengeleg i fleire veker, skriv Olympique Lyonnais i pressemeldinga.
Vidare skriv dei at dei vil sikre at Ballon d’Or-vinnaren vil gjere alt for at ho skal fÃ¥ den beste medisinske oppfølginga som er, slik at ho rekk tilbake til det hektiske kampprogrammet denne sesongen.