Philadelphia Union med Jakob Glesnes som ein viktig spelar tok seg vidare til semifinale i MLS-sluttspelet med 1–0 heime over Cincinnati.
Leon Flach blei matchvinnar med si scoring etter ein snau times spel. Kampen var nokså jamn, men Glesnes i heimeforsvaret slapp ikkje gjestene til scoringar.
Union sleppte inn færrast mål (26) av alle lag i grunnserien av årets MLS-sesong, og 28-åringen spelte kvart minutt av kvar kamp.
Tidlegare veka blei han stemt fram som årets forsvarsspelar i MLS. Han tok ein klar siger i avstemminga blant spelarar, trenere og medierepresentantar. Glesnes blei den første Union-spelar som vinn prisen.
Philadelphia Union møter vinnaren av CF Montreal og New York City FC i semifinalen.