– Vi kjenner til omstenda for VM, alt som har skjedd dei siste vekene og månadane, om folk som har døydd under arbeidet med stadionane. Det liker vi ikkje i det heile tatt, seier Manchester Uniteds Bruno Fernandes etter 2-1-seieren over Fulham.
Han er ein del av Portugals VM-tropp som reiser til Qatar innan kort tid.
– Vi ynskjer at fotball skal vere for alle, same kven du er. Slike saker skal aldri hende, seier Fernandes.
18 år gamle Alejandro Garnacho scora tre minutt på overtid og sikra sigeren over Fulham i London – argentinaren sitt første ligamål for klubben.
United tok leiinga då Christian Eriksen avslutta eit fint angrep med scoring etter berre 14 minutt, og heldt leiinga ved pause.
Tidlegare Manchester United-spelar Daniel James stod bak Fulhams utlikning etter 61 minutt. Han sette ballen i mål frå kloss hald.
Tre minutt på overtid trilla innbytar Granacho ballen i m¨l etter fint forarbeid av Eriksen, og alle poenga blei dermed tilbake til Manchester.