Hallgeir Engebråten kom inn til sjetteplass på 5000 meter i verdscupopninga i Stavanger. Han fekk tida 6.26,902.
Nederlandske Patrick Roest vann på 6.20,561. Det er over to sekund dårlegare nn Sander Eikrems vinnartid i B-gruppa tidlegare på dagen, der Sigurd Henriksen blei nummer to.
Engebråten var einaste nordmann på start på distansen. Men i Heerenveen neste helg får han med seg både Eitrem og Henriksen, som rykkjer opp frå B-gruppa.