Frederik Rønnow, Alexander Bah, Christian Nørgaard, Robert Skov og Yussuf Poulsen tok dei fem siste plassane i den danske troppen til fotball-VM i Qatar.
Landslagssjef Kasper Hjulmand kompletterte VM-troppen søndag kveld.
Hjulmand tok ut 21 namn til det kommande sluttspelet sist måndag. Samtidig lét han fem plassar står opne for mellom anna å vurdere skadesituasjonen til fleire aktuelle spelarar.
Brentford-spelar Christian Nørgaard var blant dei som måtte vente til søndag med å få grønt lys. Han er nyleg tilbake på banen etter ein to månaders pause som følgje av ein akillesskade.
Laurdag fekk Nørgaard ein halvtime som innbytar i Brentfords overraskande 2-1-siger over Erling Braut Haaland og Manchester City. Landslagssjef Hjulmand likte openbert det han fekk sjå av mannen med 17 landskampar.
Til VM skal også Yussuf Poulsen, som til liks med Nørgaard har slite i haust. Ein muskelskade har halde Leipzig-spelaren utanfor banen, og etter comebacket har han slite med å få speletid.
Poulsen har spelt elleve kampar i haust, men berre éin gong har han vore på banen i 90 minutt.
Ikkje overraskande figurerte ikkje Rosenborgs Casper Tengstedt på lista over namn som vart presentert søndag. RBK-profilen har levert strålande i Eliteserien denne sesongen, men har så langt ikkje fått sjansen på landslaget. Kampen om spissplassane i den danske troppen er tøff.
Danmark innleier VM mot Tunisia 22. november.
(©NTB)