Celtic har fått 15.000 euro i bot etter at publikum viste banner med anti-monarkistiske tekstar i meisterligakampen mot Shakhtar Donetsk i Warszawa 14. september.
Det var berre få dagar etter at dronning Elizabeth døydde, og før ho var gravlagd.
UEFA grunngjev bota med at ein slik markering bere dagar etter dødsfallet «ikkje var passande for eit sportsarrangement», skriv den skotske nettstaden STV Sport.