Carl-Fredrik Bunæs er død

Les hele artikkelen

Den tidlegare friidrettsutøvaren Carl-Fredrik Bunæs sovna stille inn torsdag kveld etter lengre tids sjukdom. Han blei 82 år gammal.
Det opplyser sonen Per Christian Bunæs i ei melding til NTB.
Bunæs var blant dei fremste sprintarane i Norden tidleg på 1960-talet. Som senior tok han 18 individuelle NM-gull (fem på 100 meter, ni på 200 meter og fire på 400 meter) frå 1957 til 1966.
Han deltok i Roma-OL i 1960 og rauk ut i kvartfinalane på 100 og 200 meter.
I sin aktive karriere gjekk han som regel under namnet «Bassen Bunæs». Han var spesielt kjend for sin solide innsats i landskampar..
– Vi som hadde glede av å springe stafettar på for eksempel 4 x 400 meter kunne seie at det ikkje var så¨farleg kva vi gjorde, for Bassen ordna opp på siste etappe, skreiv hans klubbkamerat i Tjalve, Arne Kvalheim, på twitter då dødsfallet var kjent.
Bunæs let etter seg seg to barn og fire barnebarn.