Leo Borg (19), son av tennislegenda Björn Borg, har fått innpass i den første runden av ATP250-turneringa Stockholm Open.
Borg fekk wildcard til kvalifiseringa, men har vorte flytta opp eit hakk og er klar for hovudturneringa, opplyser turneringsleiar Thomas Enqvist i ei pressemelding.
– Kjempekult å få inn endå ein svensk spelar i hovudturneringa. Leo gjorde ein veldig bra kamp mot Stockholm Open-vinnaren Tommy Paul i fjor og er ein ordentleg publikumsfavoritt, seier Enqvist.
I tillegg til Borg skal brørne Elias og Mikael Ymer representere Sverige i turneringa i hovudstaden.
Borg er nummer 588 på verdsrankinga. Det er andre ATP-turnering for 19-åringen i karrieren etter debuten mot turneringsvinnaren Tommy Paul i same turnering i 2021.
Cameron Norrie, Taylor Fritz og Frances Tiafoe er blant favorittane til å vinne turneringa som byrjar måndag.