Birk Ruud lekte seg i kvalifiseringa til sesongens første verdscuprenn i friski i sveitsiske Chur. Han enda som nummer to og er klar for finale i Big Air.
Ruud varta opp med 91,75 poeng i sitt første forsøk og la seg trygt inn på 2.-plass etter første omgang. Nordmannen klarte ikkje å auke i det andre forsøket, og fekk berre betalt 57 poeng. Det er den beste scoren som gjeld.
Berre amerikanske Troy Podmilsak landa eit betre triks enn Ruud i det første heatet (94 poeng), og dermed er nordmannen trygt vidare til finalen som går klokka 20 fredag norsk tid.
Leo Landrø og Tormod Frostad klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen. Det er dei fem beste frå kvart heat som møtest der.
I det andre heatet køyrer Sebastian Schjerve, Ulrik Samnøy, Mats Bjørndal og Vebjørn Gråberg. Sandra Eide køyrer i kvinnenes kvalifisering seinare fredag.