Alpinbakken i Sölden stengd på grunn av vêret

Les hele artikkelen

Det internasjonale Skiforbundet (FIS) stenger renntraseen i Sölden éin dag før verdscupopninga i alpint. Vertilhøva truar renna i helga.
– Det norske kvinnelaget hadde kome seg opp på Rettenbachbreen fredag, og ei treningsløype var stukke klar, men så kom meldinga om stengt trasé, opplyser sportssjef Claus Ryste til NTB.
Fartslaget med Ragnhild Mowinckel i spissen fekk gjort unna litt fartstrening før det blei stengt. Herrelaget har hatt barmarkstrening på timeplanen fredag formiddag.
Vêrvarselet for Sölden laurdag, når kvinnene skal i aksjon, er ikkje spesielt bra. Det er stor fare for nedbør, og seinare på dagen skal vinden også ta seg opp.
Verdscupen i alpint startar med storslalåmrennet for kvinnene klokka 10 med 2. omgang tre timar seinare.
I ei pressemelding fredag morgon skriv FIS at dei stengjer rennbakken for å bevare forholda så godt som mogeleg. Dermed vil ingen kunne trene eller stå på ski i traseen før kvinnenes storslalåm.
Opninga for alpingutane blei avlyst både i 2017 og 2018.
– Det vil vere kjipt ikkje å få komme i gang. Men vi driv ein utandørssport og må stelle oss til at det er slik det er. Det må vere trygt for utøvarane, og vi håpar det blir bra nok til det, seier han.
Mennene går i gang søndag med 1. omgang klokka 10. Då er meldt opphaldsvêr, men vinden er meldt å vere sterk.