Danmark sleit på Færøyane

Danmark tok sin femte strake siger i si VM-kval-gruppe, men sleit lenge for å avgjere kampen på Færøyane. Først fem minutt før full tid sette Jonas Wind inn det einaste målet i kampen. I den gruppa slo også Israel til med 5-2 over Austerrike, og har andreplassen.

Tyrkia og Nederland vann

Stillinga i toppen av Norges VM-kvalifiseringsgruppe er uendra etter kampane laurdag. Tyrkia sleit overraskande lenge mot Gibraltar, laget Norge skal møte tysdag. Tyrkia brende ein straffe etter berre tre minutt, og fekk ikkje teljande resultat før etter 65 minutt. Men det blei 3-0 til slutt. Nederland fekk det lett mot Montenegro, og vann 4-0. Memphis … Les mer