Tapte bronsefinalen i Tokyo

Helle Sofie Sagøy tapte bronsefinalen i badminton under Paralympics i Tokyo natt til søndag. Huihui Ma frå Kina vann 21-12, 21-5 og sikra bronsen. – Det er synd, men sånn er det. Ho fortener den tredjeplassen i dag. Eg gjer ikkje det, seier Sagøy. 23-åringen er frå Trøndelag, men bur i Kristiansand.

Sørlending vart Lotto-millionær

Ei kvinne frå Farsund vann 2,3 millionar kroner i Lotto laurdag. – Nei, no blir eg berre heilt. Herlighet, er det sant? eg må berre takke. Eg har ikkje meir å seie, sa kvinna då Norsk Tipping ringde for å fortelje om premien.