Kjempar mot brotsverk

Svart arbeid og ulovlege arbeidsforhold er framleis eit stort problem i enkelte bransjar på Sørlandet. I eitt år har prosjektet Fair Play Agder kjempa mot brotsverk i landsdelen. Av 78 saker som er granska, går dei fleste vidare. I dag vart funna presentert i Kristiansand.

Rettssaka starta

I dag starta rettssaka mot ein 59 år gamal mann som er tiltalt for å ha skoten og drepe si mor i Lyngdal i år. Tiltalte seier han ikkje huskar så mykje av sjølve drapet. Påtalemakta vil leggje ned påstand om tvungent psykisk helsevern.

Feira nummer 40.000

På PCI-senteret ved sjukehuset i Arendal jobbar nokre av landets fremste ekspertar på hjartesjukdommar. I dag feira avdelinga at dei har behandla 40.000 pasientar.

Fire smittetilfeller i Flekkefjord

Fire personer har i dag testet positivt på koronavirus i Flekkefjord, opplyser kommunen. Smittekilden er kjent i alle fire tilfellene. Tre av personene er nærkontakter av tidligere smittetilfeller.

KRS tapte

Kristiansand Topphåndball tapte onsdag kampen mot Kolstad i eliteserien i handball for menn. Resultatet vart 26–32, og Kristiansand er no nummer 10 på tabellen.

Tøff førsteomgang

Kristiansand Topphåndball ligg under 9–17 til pause heime mot Kolstad i eliteserien i handball for menn. Øyvind Frigstad er heimelagets toppskårar med tre mål.