Kartleggjar dei tilsette

Lyngdal kommune jobbar no med å finne ut kven av dei tilsette i helsetenesta som ikkje er vaksinert mot koronaviruset. Kommunen ber dei som ikkje vil ta vaksinen om å vurdere si eiga rolle. Det er eit smitteutbrot knytt til dagsenteret på Lyngdal helsehus.

Vipers møter Fana i semien

Vipers Kristiansand får Fana på besøk i semifinalen av Noregsmeisterskapen i handball onsdag 10. november. I den andre kampen møtes Molde og Aker. Vipers slo serieleiar Storhamar i kvartfinalen.