– Brann hadde vore utruleg gøy

– Viss eg skal velje hadde Brann vore utruleg gøy, men det er eit veldig solid lag. Eg trur vi har større sjans mot Stabæk og Mjøndalen, seier Jerv-trenar Arne Sandstø etter sigeren mot Raufoss. Sigeren gjorde at klubben sikra 3. plassen og skal spele kvalifisering til eliteserien. Dersom dei gÃ¥r heilt til kvalifiseringsfinalen møter … Les mer

Wichne: – Ekstremt digg

– Det er heilt fantastisk. 3. plassen lettar litt meir på presset. Det gjer at vi kan gå inn med låge skuldre, seier Jerv-spelar Torje Wichne etter 2-0 sigeren mot Raufoss. Sigeren betyr at Jerv blir nummer tre på tabellen. No skal klubben spele kvalifisering til eliteserien.

Opprykkshåpet ute for Start

Start har ikkje lenger sjans til å klare kvalifiseringsplass i 1.divisjon. Klubben spelte uavgjort 1-1 borte mot Sogndal på bortebane. Dermed er det fire poeng opp til kvalik før siste serierunde.

Direkte opprykk glapp for Jerv

FK Jerv slo Raufoss 2-0 i neste sisteserierunde. Men klubben kan ikkje lenger rykke direkte opp til eliteserien, sidan Aalesund slo Ull/Kisa. Jerv sikra 3. plassen og skal ut i kvalifisering.