– Først og fremst utruleg skuffa over oss sjølve. Det er alt for dårleg å ikkje klare å score mot ti mann i 70 minutt. Vi kan kun peike på oss sjølve. Vi er ikkje gode nok, seier Start-kaptein Kristoffer Tønnessen etter tapet mot Kongsvinger.
Start tapte 0-1 etter at Kongsvinger scora på straffe to minutt før ordinær tid. Kongsvinger spelte med ti mann i store deler av kampen, då dei pådrog seg raudt kort før halvtimen svar spelt.
Tønnessen veit endå ikkje om han blir i Start neste sesong.
– Det kjem eg til å tenke på først om nokre veker, når eg har hatt litt fri, seier han.